Koronarutinar

Rutinar for å avgrense smittespreiing i Stryn kulturskule.

  1. Alle tilsette har ansvar for å halde seg oppdaterte på nasjonale og lokale smittevernreglar.
     

  1. Sjuke personar skal ikkje møte på kulturskulen. Sjuke lærarar gjev beskjed til rektor, som vidareformidlar dette til foreldre og elevar. Sjuke elevar gjev beskjed til sin lærar.
     

  1. Dersom sjukdom oppstår på kulturskulen blir foreldre til eleven kontakta, slik at dei kan hente vedkomande.

Ved individuell undervisning må eleven vente på sitt undervisningsrom til han eller ho blir henta. Det skal ikkje gjennomførast undervisning på dette undervisningsrommet etterpå.

Ved gruppeundervisning kan læraren ta eleven inn på pauserommet eller Frendesalen, slik at eleven blir teken ut av gruppa og er på eit skjerma rom. Smittevern-sett finn de i hylla på kopirommet.
 

  1. God hygiene

  • Kvar lærar har ansvar for sitt undervisningsrom

  • Lærar reingjer alle kontaktflater som instrument, stol og dørhandtak før og etter kvar elev.

  • Alle lærarar og elevar skal vaske seg eller sprite seg på hendene både når dei kjem til og går frå kulturskulen. Handsprit står ved inngongen, og vask er rett ved sidan av.
     

  1. Begrense sambruk av instrument, utstyr, kostymer og liknande.
    Alle elevar må ha med eige instrument til timen, bortsett frå piano og trommer. Trommeelevane må ha med eigne trommestikker. Kunstelevane har individuelle materialsett både på gult og raudt nivå, og teaterelevane skal ikkje bruke felles rekvisittar verken på gult eller raudt nivå. 1m- regelen gjeld på all undervisning, både grupper og individuelt.