Vi har den store gleda av å invitere til aspirantkurs i kulturskulen denne hausten - kom, bli med!

Vi har ledige plassar på gitar, fele, cello og song. Her tek vi inn nye søkarar omgåande.

Det er også ledige nokre enkelte plassar på grupper med dans, teater og kunst. Desse startar opp seinare, og vi tek inn elevar ved oppstart og langs med her også.

Kulturskulen startar opp med indivduell undervisning måndag 17. august. Gruppeundervisning i jazzballett, teater og kunst start ikkje opp enno. Vi ser an koronakvardagen, og sender ut informasjon når det er klart til å byrje.

Kulturskulen og Musikkbingen tek no sommarferie. Musikkbingen er stengt for sommaren. Vi startar kulturskuleundervisinga neste skuleår frå og med måndag 17. august, og lærarane tek dirkete kontakt med elevane etter sommarferien.

Tusen takk til alle supre elevar som har vore hjå oss i år. Det vart eit oppned år på fleire vis, men jammen held vi på optimismen saman også no. Vi ynskjer både nye og gamle elevar hjerteleg velkomne til nytt kulturskuleår frå og med 17. august.

God sommar til dykk alle og nyt ein velforjent ferie!

 

Helsing oss i kulturskulen

Det er dessverre for varmt i lokala våre til å ha undervisning i dag. Difor inviterar vi heller til is i skuggen utanfor kulturhuset saman med lærar Annette som ei avslutning på kulturskuleåret. Klokka 16.00 for alle dagens kunstelevar, og 17.00 for alle dagens danseelevar.

 

 

Det er for varmt for undervisning i kulturskulen sine lokaler i dag 15 juni, så det blir ikkje undervisning inne på piano og trommer. Vi beklagar dette. Danseundervisninga blir flytta ut. Om det også blir for varmt, spanderer vi heller is og trekkje pusten ilag.

Kulturskulen opna for undervisning i Stryn kulturhus måndag 8. juni og fram til fredag 19. juni. Den desentraliserte undervisninga i Utvik, Innvik, Olden og Oppstryn vil halde fram digitalt desse to vekene fram til sommarferien.

Skuleåret 2020/ 2021 tilbyr vi undervisning på piano, trekkspel, fele, gitar, ukulele, bassgitar, band, trommer, song, jazzballett og kunstgrupper. Vi har undervisning i Stryn, Oppstryn, Olden, Innvik og Utvik.

Norsk musikkråd har utvikla ein vegleiar om smittevern for musikkøvingar som er godkjent av Helsedirektoratet. Det betyr at det frivillige musikklivet kan byrje med øvingar att, innanfor visse rammer. Kulturhuset er for tida stengt og kan ikkje nyttast som øvingslokale.

Kulturskulen er stengt for å hindre vidare virusspreiing.