Søknadsfrist 1. mai for nye elevar

Godtfolk! Hugs søknadsfristen 1. mai for nye elevar i kulturskulen. Denne fristen gjeld også for dei som ynskjer å byte fag eller slutte. NB: Elevar som ynskjer å fortsette treng ikkje gjere noko - vi vidarefører dykk automatisk til neste semester.

Tilbod hjå oss:

- song

- gitar

- bassgitar

- ukulele

- piano

- trekkspel

- trommer

- fele

- cello

- aspirantgruppe

- kunstgruppe

- teater

- dans

- studio

Undervisning i Stryn, Oppstryn, Nordsida, Olden og Innvik.

Meir info og søknadsskjema finn du her.