Ofte spørsmål

Her finn ein svar på ein del spørsmål som kulturskulen får jamleg. 

Kven kan bli elev? 
Vi prioriterer born og unge opp til 20 år i Stryn kommune. Dersom det er ledige plassar tek vi opp vaksne, eller elevar ifrå andre kommunar.  

Korleis blir eg elev ved Stryn kulturskulen 
Du søker via lenke på nettsida vår. Då blir du tatt opp på venteliste, og kontakta når du har fått plass.  

Når får eg vite om eg har fått plass?  
Du får e-post når du har fått plass. Der står det kva dag og kor tid timen er, kva lærar du har fått og kontaktinformasjon. 

Kva aldersgruppe? 
Du kan søke så tidleg du vil for å sikre deg plass når du er gammal nok til faget du vil gå på. Det er ulike aldersgrenser på dei ulike faga.  

Kan vaksne søkjarar få elevplass?  
Ja! Men born og unge under 20 år vert prioritert først. Ta kontakt dersom du er interessert.  

Kan eg ha fleire plassar? 
Ja!  

Kor ofte er det time og kor lange er dei? 
Kulturskulen følgjer skuleruta. Det er timar kvar veke utanom i feriane; haustferie, juleferie, vinterferie, påskeferie og sommarferie.  

Timane i musikkfaga er på 20 min per veke. Dans, teater, visuell kunst, aspirantopplæring, band og vokalgruppe har timar på 45, 60 eller 90 min per veke.  Tida på gruppetilboda varierer ut frå alder og kor mange som er på gruppa. 

Kor tid er søknadsfristen? 
Du kan søke heile året. Då blir du sett på venteliste, og tatt opp etter kvart som det er plass. 

Er det lange ventelister?  
Nokre av faga er fylt opp, medan andre har ledig plass. Søk om plass, så blir du tatt opp etter kvart som det er ledig.  

Kvar har vi undervisning? 
Stryn kulturhus held til i 2. etasje på kulturhuset. I tillegg har vi desentralisert undervisning på Nordsida skule, Olden skule og Oppstryn skule. Dette ut frå etterspurnad på dei ulike stadane.   

Kva kostar det å vere elev på kulturskulen? 
Dei gjeldande prisane finn du på nettsida vår. Prisane er fastsett av kommunestyret i Stryn.  

Har kulturskulen instrument til utleige? 
Ja, vi har gitar, el-piano, trommesett og kontrabass til utleige. Vi har også avtale med Spelemannslaget Fjelljom om lån av feler/hardingfeler, samt lån av blåseinstrument via Stryn skulekorps. Spør læraren din eller rektor dersom du ønskjer å leige instrument.  

Korleis betaler ein for plassen i kulturskulen? 
Ein kulturskuleplass vert fakturert ein gong per semester. Dette er vanlegvis i nov/des og april/mai.

Korleis seier eg opp plassen min? 
Ønskjer du å seie opp plassen din før nytt semester tek til, må du gjere det innan 1. desember og 15. mai. Du seier opp plassen din via SpeedAdmin, eller ved å sende e-post til rektor.    

Kva skjer når læraren er vekke frå undervisning?  
Kulturskulen nyttar varsling via SMS og e-post dersom timar vert avlyst. Varslinga vert sendt ut via SpeedAdmin, som er same systemet som når ein melder seg på kulturskulen.  Læraren kan vere vekke inntil to gongar i løpet av eit semester. Dersom ein lærar er vekke fleire gonger enn dette blir avgifta redusert.  

 

Artikkelliste