Om kulturskulen

Eleven i fokus - kunnskap og kreativitet - meistringsglede

I kulturskulen vår får du undervisning i musikk, dans, visuell kunst og teater. Hovudopptaket for neste skuleår er 15. mai, men vi tek alltid imot nye elevar så framt vi har ledig kapasitet. Kulturskulen er open for alle mellom 6 og 100 år! Songelevar må vere 10 år for å byrje hjå oss, og born og unge blir prioritert.

Kulturskuleåret føl skuleåret og har ferie samstundes med skulane. Undervisninga vår byrjar rett etter skuletid og varer utover ettermiddagen. Vi har både små og store konsertar og kunstutstillingar som du kan delta på om du ynskjer.

Som elev hjå oss får du ein individuell undervisningstime på 20 minutt kvar veke på ditt instrument. Vi freistar å få til samspel på tvers av enkelttimane. Gruppetimane i dans, teater og kunst varer frå 45 minutt til 90 minutt. Kortare kurs og helgakurs kan også dukke opp - følg med her på heimesida og Facebook for informasjon.

Du finn kulturskulen vår på toppen av Stryn kulturhus. Vi underviser også i Innvik, Olden, Oppstryn og Nordsida så framt vi har nok elevar der.

Påmeldingsskjema og prisoversikt finn du her på heimesida. Vi har søskenmoderasjon og fleirfagmoderasjon. Alle nye søkjarar må fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet her på heimesida.

Ta gjerne kontakt eller kom innom dersom de lurer på noko!

 

Vedtekter for Stryn kulturskule (PDF, 742 kB)

Kontakt

Ingrid Stuhaug
Kulturskulerektor
Telefon 57 87 47 64

E-post ingrid.stuhaug@stryn.kommune.no