Stryn kulturskule elevbetaling og moderasjon

Prisar for Stryn kulturskule 2024:

Elevplass barn/ unge kr. 2.200,- per semester 
Elevplass vaksnekr. 2.300,- per semester 
Talentutviklingsplass(tillegg til elevplass)kr 245,-
Lågterskeltilbodi grupper kr 780,-
Gruppeundervisning/ samspel(tillegg til einetimar)kr 780,-

Faktura vert sendt ut etter kvart semester (to gongar pr år).

Moderasjon i elevavgift

Elevar frå same familie få moderasjon, barn med den dyraste ordninga betalar full sats

  • 15% moderasjon til barn 2 og 3
  • 20% moderasjon til barn 4 og fleire
  • Ikkje moderasjon på lågterskel tilbod eller gruppeundervisning

Det er høve til å melde seg på fleire fag i kulturskulen. Eleven får då fleirfags-moderasjon (same % som søskenmoderasjon)


Refusjon

Misser eleven undervisning grunna lærar sitt fråvær, kan inntil to-2 timar per semester falle bort utan at det vert sett inn vikar. Dersom fleire enn to-2 timar fell bort per semester, får eleven fråfrag i elevavgifta. Eleven får ikkje frådrag for eige fråvær (unnateke når permisjon er innvilga av lærar).

Instrumentleige, noter og materiell

Kulturskulen leiger ut instrument. Prisane varierer etter kva type instrument det gjeld. Med atterhald om at det er ledige instrument. Nybyrjarar vert prioritert. Instrumentelevar må rekne med utgifter til notar og materiell. Danseelevar kostymeavgift og kunstelevar materialavgift.

Type leigePris pr semester
Keyboard, elpianokr 480,-
Fele, blåseintrument, gitar m.m.kr 350,-
Notar og materiellkr 370,-

 

Sal av tenester til korps, kor og skular

TypePris pr semester
Dirigentteneste korps/ korkr 590,- per klokketime
Intrumentopplæring i gruppekr 750,- per elev i gruppe per semester
Sal av tenester til korps, kor og skularkr 750,- per klokketime*
Kulturskulen på oppdrag (vi opptrer på kurs, konferansar o.l. i kommunen)Pris etter avtale med rektor. Faktura vert sendt*
*Køyregodtgjersle og reisetid kjem i tillegg til honorar