Stryn kulturskule elevbetaling og leigepris

Prisar for Stryn kulturskule 2026

Faktura vert sendt ut etter kvart semester (to gongar pr år).

Moderasjon i elevavgift

Elevar frå same familie få moderasjon, barn med den dyraste ordninga betalar full sats

  • 15% moderasjon til barn 2 og 3
  • 20% moderasjon til barn 4 og fleire
  • Ikkje moderasjon på lågterskel tilbod eller gruppeundervisning

Det er høve til å melde seg på fleire fag i kulturskulen. Eleven får då fleirfags-moderasjon (same % som søskenmoderasjon)


Refusjon

Misser eleven undervisning grunna lærar sitt fråvær, kan inntil to-2 timar per semester falle bort utan at det vert sett inn vikar. Dersom fleire enn to-2 timar fell bort per semester, får eleven fråfrag i elevavgifta. Eleven får ikkje frådrag for eige fråvær (unnateke når permisjon er innvilga av lærar).

Instrumentleige, noter og materiell

Kulturskulen leiger ut instrument. Prisane varierer etter kva type instrument det gjeld. Med atterhald om at det er ledige instrument. Nybyrjarar vert prioritert. Instrumentelevar må rekne med utgifter til notar og materiell. Danseelevar kostymeavgift og kunstelevar materialavgift.

 

Friplassar Stryn kulturskule 

Det er innført 10 friplassar på kulturskulen f.o.m. 01.08.26 til familiar med låg inntekt.  

  • For å søkje friplass, må ein ha søkt om og fått tildelt elevplass ved kulturskulen. Friplassar må søkjast om for kvart skuleår. Elevar kan ha ein friplass.  
  • Om du kan få tildelt friplass avheng av familien si samla inntekt. Før du søkjer om friplass, sjekk om du ligg innanfor den gjeldande inntektsgrensa. 

Inntekstgrensa i 2026 per år per husstand er 669 050 kr.  

Om inntektssituasjonen har endra seg betydeleg i løpet av året, er de pliktige å informere kulturskulen om dette.