Studio

På Stryn kulturskule har vi eit godt utstyrt studio som er ope for både elevar og andre som vil spele inn musikk.

Her får elevane moglegheita til å prøve seg i studio, og til å spele inn eigne låtar dersom dei ønskjer det. Studioet er og tilgjengeleg å leige for andre som ønskjer å bruke studioet. I tillegg blir det brukt som undervisningsrom for slagverk og blåseinstrument.

For å lære meir eller å bestille tid i studioet, ring kulturskulerektor på tlf 57 85 47 64, eller send epost.

Studioet på Stryn kulturskule er utstyrt med kostbart utstyr som blir brukt til undervisning. For å sikre at utstyret held seg i god stand, må alle som brukar studio skrive under på ein avtale om bruk.

Artikkelliste