a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Kurs for pårørande til personar med demens

Pårørandeskule - Klikk for stort bilete

Pårørandeskulen i Stryn starter kurs for pårørande til personar med demens. 
Nytt kurs startar  14.februar på Stryn omorgssenter  Pårørandeskulen er eit kurstilbod til pårørande og nære vennar til ein person med demenssjukdom. Påmeldingsfrist 6.februar 2017.

Meir informasjon og påmelding (PDF, 369 kB)

Kva er pårørandeskulen?

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. Gjennom faglige førelesningar, plenums- og gruppesamtaler får du kunnskap om demens og innsikt i kva fylgjer sjukdommen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og øvrig familie. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Pårørandeskulen si målsetting

  • Gi pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar.
  • Gi innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens.
  • Bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettigheiter og aktuelle lover, og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet.
  • Tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon.

På pårørandeskulen vektlegg vi åpenheit i trygge omgjevnadar. Fortrulige opplysningar som kjem fram, skal forbli mellom deltakarane.Ta kontakt viss du har behov for avlastning for å kunne delta på kurset. Vi vil prøve å være behjelpelig med det.

Kurset haldast over 4 samlingar frå kl.18:30 til 20:30 på fylgjande datoar og tema:  
Kursavgift: gratis, Kursstad Stryn omsorgssenter, Buketten.

14.02.

21.02

 28.02

07.03

Demenssjukdommane

Kommunikasjon

Endra adferd og pårørande sin situasjon

Tilbod i kommunane, aktivitet og meistring

 

 

For nærmare opplysningar, kontakt:

Lilly Tenden                                    

57 87 69 34                         

lilly.tenden@stryn.kommune.no       

Påmeldingsfrist: måndag 06.februar Arrangør: demensteamet i Stryn Kommune

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering