a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages

Mistanke om hjerneslag ?

Kampanje om hjerneslag okt 2016 - Klikk for stort bilete

 Ring 113!

Har du mistanke om hjerneslag skal du ringe 113 med ein gong.
Kjenner du til symptoma kan du redde liv.

 Hjerneslag oppstår plutseleg og kvar som helst.  Kvart  år rammast rundt 12 000 i Noreg.

 Alle kan hamne i en situasjon der det er avgjerande å kjenne igjen symptoma på hjerneslag. 

Om nokon plutseleg får problem med å prate tydeleg, smile eller løfte hendene over hovudet må du ringe 113 så fort som mogeleg.

Erfaring fra Noreg og utlandet viser at pasientane sjølve eller pårørande ofte er det forsinkande leddet i behandling av hjerneslag. Dei gjenkjenner ikkje symptoma og ventar for lenge med å kontakte helsetenesta.

Syklist helsenorge - Klikk for stort bilete

 

Kvart sekund tel.

Kjem den slagramma raskt til vurdering og behandling er sjansen større for å unngå varige skader.

Det er grunn til å tru at mange ventar med å ringe 113 fordi dei er usikre om symptoma er alvorlege nok eller dei er redde for å være til bry.

 

Kvart sekund tel ved hjerneslag. Ikkje vær redd for å ringe 113 om du er i tvil – det er deira jobb å vurdere slike henvendingar. Ring heller 113 en gang for mykje enn ein gong for lite.

 

Fakta om hjerneslag:

  • I Noreg får rundt 12 000 hjerneslag kvart år. Sjukdomen er den tredje hyppigaste dødsårsaka i landet, og den vanlegaste årsaka til alvorleg funksjonshemming og langvarig institusjonsomsorg.
  • Hjerneslag oppstår plutseleg på grunn av blodpropp eller blødning i hjernen.
  • Hjerneslag kan ramme både ung og gammal. Risikoen aukar betydeleg med alderen, og gjennomsnittsalderen for førstegongs hjerneslag er 75 år for menn, og 78 år for kvinner. Tre av fire som får hjerneslag er over 70 år.
  • Problem med å prate tydeleg, smile eller løfte armane over hovudet er vanlege symptom.
  • Prognosen bedrast når hjerneslagpasientane kjem tidleg til behandling, og kan behandlast med blodproppoppløysande middel eller mekanisk fjerning av proppen.  To millionar hjerneceller dør kvart minutt dei første timane etter at et hjerneslag inntreff.

Helsenorge-hjerneslag

Publisert av Anna Bringsvor Egedahl. Sist endra 01.11.2016
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Telefon
: 57874700

Org.nr.
: 963 989 202
Opningstid
: Kl. 09.00 - 15.00
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering