Veglys og drift av desse

Det har vore ulike ordningar med driftinga av kommunale veglys opp gjennom tidene. Dei seinare åra har ein også skifta ut gamle lyspærer som ikkje er lovlege å bruke lenger, til LED-lyspærer med mindre straumforbruk og lenger levetid. Samtidig har ein også knytta saman ein del veglyskretsar til større og meir samanhengande strekningar.

gatelysapp - Klikk for stort bileteApp for gatelys Dokflyt AS

Meld feil på gatelys her

 

Stryn kommune har rammeavtale med Eviny Solutions om drift av det kommunale veglysnettet.

I dag er dei fleste veglysstrekningane knytte opp mot styringsskåp, der ein via nettet kan gjere endringar og avlesing av straumforbruket. Desse veglyskretsane har lyset avslått om natta frå kl. 24.00 til kl. 06.00 på kvardagar og kl. 03.00-06.00 natt til laurdag og søndag.

Der veglyskretsane ikkje har eigen målar, vert lyset sett på av fotocelle når det vert mørkt og slege av når det vert lyst.

Vegen Rognehaugen i Stryn sentrum har veglyset på heile natta, då dette ligg i område ved Stryn vidaregåande skule, taxisentralen, politistasjonen, kulturhuset og omsorgssenteret.

Statens vegvesen eig og driftar veglyset langs riksveg 15, og der fylkesvegar har adskilt gang- og sykkelveg.

Kva gjer eg dersom det er feil på gatelys?

Stryn kommune ønskjer tilbakemelding frå publikum dersom veglyspunkt ikkje fungerer som dei skal. Det er oppretta ein eigen feilmeldingsportal der ein enkelt kan velje lyspunkt og melde feilen inn til oss. Av kostnadsmessige omsyn vert reparasjonsarbeid samla, so nokre punkt kan stå mørke ei tid. Kritiske punkt (t.d. ved fotgjengarovergangar) vert prioritert og reparert så snart det let seg gjere.

I portalen er kommunale lys som kan meldast feil på merka med gul farge. Grå punkt er ikkje drifta av kommunen og kan ikkje meldast feil på i portalen. Raude punkt har allereie registrert feil.

For å melde inn feil på veglys kan du klikke på boksen i toppen av denne artikkelen.

Det er og mogleg å melde inn feil via telefon. Ring då vårt hovudnummer, 57 87 47 00.

Artikkelliste

Viser 401-410 av 665 artikler, side 41 av 67