Informasjon om koronavirus

Oppdatering 15. januar kl 08:50

Torsdag kveld fekk vi melding om ei ny positiv koronaprøve. Ein person testa seg 13. januar etter innreise til Noreg. Personen som no har fått stadfesta covid-19 var i pålagt reisekarantene, men er no sett i isolasjon. Det er ingen nærkontakter i dette tilfellet.

Status 13. januar kl 08.30 

Vi fekk i går kveld informasjon om at to personar som har kome tilbake frå eit land med høgt smittepress har fått påvist koronavirus etter obligatorisk test tatt i Stryn måndag. Desse personane har vore i karantene etter dei kom til Stryn. Dette har ikkje utløyst fleire i karantene.

Oppdatering angåande smittetilfelle med ukjent smittekjelde

Ingen fleire har testa positivt i Stryn relatert til eit smittetilfelle med ukjent kjelde i helga. Smittekjelda er framleis ukjent. Fordi det er ukjent smittekjelde må alle vere nøye med smittevern-anbefalingane, og ha låg terskel for å teste seg. Vi har fortsatt tett kontakt med Volda kommune, og per no er det heller ikkje blitt rapportert om ny smitte frå dei. Slik situasjonen er no, er det ikkje grunnlag for å setje i gong andre tiltak.

Oppdatering 10. januar kl 20.30

Vi fekk i kveld informasjon om at ein person som har kome tilbake frå eit land med høgt smittepress laurdag har fått påvist koronavirus etter obligatorisk test tatt ved ankomst Noreg. Denne personen har vore i karantene etter hen kom til Stryn, og eit husstandmedlem er no sett i karantene. Totalt er to personar i kommunen stadfesta med koronavirus søndag.

Kommuneoverlegen si oppmoding til innbyggjarane:

Test deg tidleg ved sjukdomskjensle eller symptom på luftvegsinfeksjon, og hald deg heime til du har fått svar på testen og du føler deg frisk. Test deg òg ved heilt milde symptom. Er du i tvil når du kan gå tilbake på jobb, ta kontakt med lege. For alle andre er det fint å nytte seg av det fine vinterveret og ta ein tur ut.

Beredskapstelefon koronavirus 57 87 49 29 måndag til fredag 09.00 - 12.00

Oppdatering 8. januar kl 08:30
Torsdag kveld vart det påvist eit nytt koronatilfelle i Stryn. Ein person som har vore i innreisekarantene etter opphald i anna land med med høgt smittepress har testa positivt for Covid-19.Personen er no isolert.

Oppdatering 7. januar kl 09:50
Onsdag kveld 06.01 fekk vi stadfesta at ein ny person i Stryn har testa positivt på Covid-19. Dette var eit forventa resultat, og personen er ein nærkontakt og husstandsmedlem til person som testa positivt 5. januar. Også denne personen er smitta av ein nærkontakt som har vore på besøk i jula.

Vi har 12 nærkontaktar totalt i Stryn kommune. Eit barn er elev ved Tonning skule og eit barn i Olden barnehage. Begge er friske per i dag, og er i karantene. Vi har hatt dialog med FHI om dette, og det er avklart at det ikkje er behov for å setje fleire i karantene relatert til det. Skulen og barnehagen skal halde fram aktiviteten sin på gult nivå.

Oppdatering 6. januar
Tysdag 05.01 fekk vi ein ny positiv koronatest i kommunen. Denne personen har vore nærkontakt til ein tilreisande som har vorte sjuk etter å ha kome til Stryn i romjula.

Vi har òg fått informasjon om at ein annan person som har vore på ferie i Stryn i romjula har testa positivt for korona i ein annan kommune. Nærkontaktar til denne personen i Stryn er òg sett i karantene.

Totalt har vi onsdag morgon 12 nærkontaktar til påvist smitte i kommunen, dei fleste av desse er testa tysdag og vi forventar svar onsdag kveld

 

Måndag 18.januar vart det presentert fleire nasjonale tiltak for å få tilbake kontrollen på smittespreiinga av koronaviruset. Tiltaka vil i første omgang gjelde fram til ny vurdering i veke 4

Helsenorge - information about coronavirus in other languages


Samledata:
Oversikt over tilfelle av Covid-19 Stryn kommune. Data henta frå FHI
Desember: 0 tilfelle
November: 5 tilfelle
Oktober: 7 tilfelle
September: 1 tilfelle
Juni: 1 tilfelle
Mars: 12 tilfelle

 

Saka vert oppdatert når ny informasjon ligg føre.

 

Korona

Informasjon til foreldre om barn og koronavirus

Her finn du kortversjonen av det du treng å vite som foreldre i forbindelse med koronasituasjonen:
Informasjon til foreldre om barn og koronavirus

Dersom barn har akutt luftvegsinfeksjon

Smittevernråd for ferie og reiser

Folkehelseinstituttet sine smittevernråd for ferie og reiser

Helsenorge sine smittevernråd for ferie og reiser

NHO reiseliv sin bransjerettleiar

Til deg som kjem til Stryn frå område med høgt smittepress.
Oppmoding frå kommuneoverlegen

Den første tida etter heimkomst frå område med høgt smittpress har du høgare risiko for å vere smitta med viruset. Du kan beskytte dei rundt deg ved å følge desse tiltaka:

Dei første 10 dagane etter heimkomst:

 

Hald 1 meters avstand til alle – og 2 meters avstand til eldre og kronisk sjuke som har auka risiko for alvorleg sjukdom om dei blir smitta

Ikkje besøk helse- og omsorgsinstitusjonane våre

Ikkje oppsøk stadar der folk samlast

Pass på at du har god handhygiene med hyppig handvask eller bruk av handsprit

Hald deg for deg sjølv og bestill test for covid-19 om du får teikn på luftvegsinfeksjon eller feber

Har eg koronavirus, forkjøling eller allergi ?

Typiske symptom på Covid -19, forkjøling og allergi (PDF, 257 kB)

Dei vanlegaste symptoma på covid-19 er òg vanlege ved andre luftvegsinfeksjonar som forkjøling og influensa. Mange får hoste og/eller feber. I tillegg er det vanleg med nedsett smaks- og luktesans, hodepine, slapphet og muskelverk. Etter kvart utviklar mange tungpustethet. Ved mindre alvorleg sjukdom kan symptoma òg minne om allergi.

Kunnskapen vi har så langt tyder på at ein er mest smittsam i dagane rett før og rett etter symptoma startar. Det vil seie eit ein kan vere vesentleg smittsam før ein sjølv merke at ein er sjuk.  Når symptoma forsvinn blir du raskt mindre smittsam.

Hugs:

- God avstand til andre (minst 1 meter)
- God handhygiene
- Hald deg heime ved sjukdomskjensle

Marius Solbakken
-kommuneoverlege-

Stryn omsorgssenter og Vikane omsorgssenter

Besøk av pårørande på institusjon

Stryn og Vikane Omsorgssenter vil, etter tilråding, opne omsorgssentra for besøkande. Stryn kommune har pr i dag lavt smittepress. Dette kan endrast på kort tid og besøksordninga må vurderast fortløpande. Mange får studentar heim frå ulike stadar i landet eller får besøk no før jul av slekt og venner. Dette er informasjon vi treng for å vurdere risiko rundt besøk på institusjonen.
 

Stryn omsorgssenter
 

Besøk av pårørande på institusjon – Stryn omsorgssenter avd Fiolen og Lyngen

Rutinar for besøk pr 25.11.20

  1. Besøket skal avklarast med omsorgssenteret på førehand. Dørene på omsorgssentra vil framleis vere låste. Den besøkande skal vente ute ved hovudinngangen. Besøket skal hentast og førast ut av personalet.
  2. Besøket har avgrensing i omfang. Inntil 2 personar pr pasient/ bebuar og i tidsrommet 1100 – 1300, og 1530  – 1830.
  3. Besøkande skal ikkje ha luftvegssymptom eller andre symptom på sjukdom, vore på reise i utlandet eller i heimekarantene. Om den besøkande har vore i utlandet skal ein vere i karantene/ vente med besøk i 10 dagar etter heimreise.          

Kontrollspørsmål vil bli stilt:

  • Har du utsett deg for auka smitterisiko ved å vere i område med høg smitteforekomst eller vore i kontakt med personar frå slike område? (VG-nett har kart over slike område)
  • Har du vore i konfirmasjon, barnedåp, gravferd, bryllaup, eller andre samlingar/ møter der det har vore fleire enn 20 personar.
  • Har du symptom som sår hals, feber, hoste, tap av smak- og luktesans eller er uvel?
  • Har du vore i kontakt med nokon som har fått bekrefta covid-19?
  • Er du eller nokon i husstanden i karantene?
  1. Ved akutt sjukdom/ døande kan pårørande, inntil 3 stk kome heile døgnet etter avtale. Har nokon vore i utlandet skal vedkomande nytte munnbind, elles rutinar slik denne prosedyra beskriv.
  2. Det skal førast protokoll over kven som er på besøk i kvar enkelt avdeling. Det for å kunne spore evt smitte ved utbrot av Covid 19.
  3. Besøkande skal utføre handvask på tilvist stad før besøket.
  4. Besøkande skal vere på rommet til pasienten/brukaren, og ikkje opphalde seg i fellesareal. Alternativt i uteområdet til Stryn omsorgssenter.
  5. Besøkande skal halde 1 meters avstand til personale, andre bebuarar, og så langt som det er råd skal det unngå fysisk kontakt med den pasienten dei besøker.
  6. Pasientane kan ta i mot gåver og blomster. Følg retningslinjer for god handhygiene.
  7. Pasienten skal utføre handhygiene etter besøket
  8. Alle felles berøringspunkter i rommet der besøket er (eks. dørhandtak, armlene, brytarar, toalett), må reingjerast etter besøket.
  9. Vi har ikkje mulegheit til å halde tilbake bebuarane på institusjon, men oppmodar sterkt å besøke bebuarane på institusjonen. Ved heimebesøk oppmodar vi om å begrense nærkontakter til 5 personar. Nærkontaktlogg må førast og leverast på avdelinga. Avtale må gjerast med avdelingsleiar/ einingsleiar i deira arbeidstid.
  10. Einingsleiar eller assisterande einingsleiar er den som har mynde til å endre prosedyra i samråd med smittevernslegen.
     

Rutine for besøk på Stryn omsorgssenter avd Symra og Kvisten
Symra og Kvisten er omsorgsbustader, og ikkje sjukeheimsavdelingar. Det er andre retningslinjer for besøk i omsorgsbustad enn i sjukeheim.

Besøket skal avklarast med omsorgssenteret på førehand. Dørene på omsorgssentra vil framleis vere låste.

Besøkande skal ikkje ha luftvegssymptom eller andre symptom på sjukdom, vore på reise i utlandet eller i heimekarantene. Du må svare nei på disse spørsmåla før besøk:

  • Har du vore utanfor Norge dei siste 14 dagane?
  • Har du vore i område med stigande smittepress i Norge eller vore i kontakt med personar frå slike område?
  • Har du vore i konfirmasjon, barnedåp, gravferd, bryllaup, eller andre samlingar/ møter der det har vore fleire enn 20 personar.
  • Har du symptom som sår hals, feber, hoste, tap av smak- og luktesans eller er uvel?
  • Har du vore i kontakt med nokon som har fått bekrefta covid-19?
  • Er du eller nokon i husstanden i karantene?

Besøkande skal utføre handvask/handsprit på anvist stad før besøket, og skrive seg inn i loggboka som ligg i hovedvestibyle.

Besøkande skal vere på rommet til bebuaren, og ikkje opphalde seg i fellesareal.

Besøkande skal halde 1 meter avstand til personale, andre bebuarar, og så langt som det er råd unngå fysisk kontakt med den dei besøkjer.

Bebuar kan ta i mot gåver og blomster. Det er ingen reglar for dette, men det er viktig å følgje retningsliner for god handhygiene. Har du med mat skal alle utføre handhygiene før og etter maten blir servert og innteken.

Det er ingen faste besøkstider. Når du kjem til Stryn omsorgssenter ringjer du på til avdelinga bebuar er, og dei vil låse opp døra til deg.

 

 

 

Vikane omsorgssenter


Rutinar for besøk pr 25.11.20

  1. Besøket skal avklarast med omsorgssenteret på førehand. Dørene på omsorgssentra vil framleis vere låste. Den besøkande skal vente ved besøksbenken. Besøket skal hentast og førast ut av personalet.
  2. Besøket har begrensing i omfang. Inntil 2 personar pr pasient/bebuar og i tidsrommet 12.00 – 20.00.
  3. Besøkande skal ikkje ha luftvegssymptom eller andre symptom på sjukdom, ha vore på reise i utlandet eller i heimekarantene. Om den besøkande har vore i utlandet skal ein vere i karantene/ vente med besøk i 10 dagar etter heimreise.          

Kontrollspørsmål vil bli stilt:

  • Har du utsett deg for auka smitterisiko ved å vere i område med høg smitteforekomst eller vore i kontakt med personar frå slike område? (VG-nett har kart over slike område)
  • Har du vore i konfirmasjon, barnedåp, begravelse, bryllaup, eller andre samlingar/ møter der det har vore fleire enn 20 personar?
  • Har du symptom som sår hals, feber, hoste, tap av smak- og luktesans eller er uvel?
  • Har du vore i kontakt med nokon som har fått bekrefta covid-19?
  • Er du eller nokon i husstanden i karantene?
  1. Ved akutt sjukdom/ døande kan pårørande, inntil 3 stk kome heile døgnet etter avtale. Har nokon vore i utlandet skal vedkomande nytte munnbind, elles rutinar slik denne prosedyra beskriv.
  2. Det skal førast protokoll over kven som er på besøk i kvar enkelt avdeling. Det for å kunne spore evt smitte ved utbrot av Covid 19.
  3. Besøkande skal utføre handvask på anvist stad før besøket (bebuar sitt rom).
  4. Besøkande skal vere på rommet til pasienten/ brukaren, og ikkje opphalde seg i fellesareal. Alternativt ute nede ved elva. Inntil 5 personar. Bebuar vert då følgt ut til besøksbenken der besøket overtar bebuaren. Må informere om at ein ikkje kan gå andre stadar enn stien nede ved elva.
  5. Besøkande skal halde 1 meters avstand til personale, andre bebuarar, og så langt som det er råd skal dei unngå fysisk kontakt med den pasienten dei besøker.
  6. Pasientane kan ta i mot gåver og blomster. Følg retningslinjer for god handhygiene.
  7. Pasienten skal utføre handhygiene etter besøket
  8. Alle felles berøringspunkt i rommet der besøket er (eks. dørhandtak, armlene, brytarar, toalett), må reingjørast etter besøket.
  9. Vi har ikkje mulegheit til å halde tilbake bebuarane på institusjon, men oppmodar sterkt å besøke bebuarane på institusjonen. Ved heimebesøk oppmodar vi om å begrense nærkontakter til 5 personar. Nærkontaktlogg må førast og leverast på avdelinga. Avtale må gjerast med avdelingsleiar/ einingsleiar i deira arbeidstid.
  10. Einingsleiar eller assisterande einingsleiar er den som har mynde til å endre prosedyra i samråd med smittevernslegen.

 


 

Råd til arrangement, konfirmasjon og sosiale samankomstar

Regjeringa vidarefører delar av koronarestriksjonane som vart sett i kraft 4. januar. Smittevernnivået på vidaregåande skular og ungdomsskular senka frå raudt til gult nivå, men det nasjonale skjenkeforbodet vert vidareført.

 

Forsterka nasjonale smitteverntiltak

Fhi om arrangement, gruppestørrelse og avstand

Helsenorge om arrangement og sosiale samankomstar

 

 

Smittevern i idretten

Rettleiaren gir råd om kva idrettslag bør gjere for å førebygge at deltakarar og tilskodarar blir utsette for smitte og spreiing av covid-19.

Rettleiar for smittevern i idretten

Innan 1. juli i år skal alle system for vassforsyning vere registrert hos Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, for eksempel ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn.


Meir informasjon og lenke til registreringsskjemaet finn du her

Stryn kommune vil søke om tilskot til utbygging av breiband i kommunen. Eitt av krava for å søkje om statleg tilskot er at kommunen sin plan for utbygging har vore lagd ut til høyring.

Verksemder og innbyggjarar som ynskjer å uttale seg til høyringa må gjere dette innan 25. april 2018.

Dette er Stryn kommune si nye heimeside.

Barneverntenesta i Stryn treng støttekontakter, besøksheimar og tilsynsførarar.
 

 

Det er sendt ut brev til grunneigarar i Stryn som har utleigeavtaler på jordbruksjord på 10 dekar eller meir. Det er tatt utgangspunkt i arealoversikt frå produksjonstilskotssøknaden 2017.

Folkehelseinstituttet har no presentert «Folkehelseprofil 2018». Dette er eit samla oversyn over ein del helserelaterte indikatorar, der tala for kvar kommune vert samanlikna med  gjennomsnitt for fylket og heile landet. Dette skal hjelpe kommunane til å ha oversyn over helsetilstanden i befolkninga, og faktorar som påverkar helsa. Tala er henta frå ei rad offentlege datakjelder, mellom anna Statistisk sentralbyrå, NAV og Ungdata-undersøkinga, og ein del av tala er gjennomsnitt over fleire år.

Lurer du på kva reglar som gjeld for utandørs brenning? Her er gode råd for bålbrenning og anna bruk av eld ute.