Vaksinering i Stryn kommune

Stryn kommune har no tilbudt vaksine til alle innbyggarar over 12 år. Det er få vaksinasjonsdagar igjen i kulturhuset. Dersom du ikkje har fått vaksine, men ønskjer det, kan du møte til drop-in vaksinering i november. Gjeld både dose 1 og 2.

Sjølvregistrering
Stryn kommune brukar sjølvregistrering for vaksinering. Alle personar over 16 år har fått SMS med beskjed om å registrere seg for vaksinering. Er du i denne gruppa, men er ikkje blitt kontakta, ver vennleg å sende e-post til vaksine@stryn.kommune.no eller bestill vaksine via linken under:

Bestill vaksine her

Vaksinering av aldersgruppa 12-15 år

Alle som er under 16 år må ha samtykke frå begge foreldra for å ta vaksine, her finn du samtykkeskjema (PDF, 83 kB). Print, fyll ut og ta med til vaksinasjon.

Plan for vaksinering

  • Alle som bur eller oppheld seg i kommunen vil få tilbod om vaksine
  • Koronavaksinen og vaksinasjon er gratis
  • Du treng ikkje ta kontakt med fastlegen din for å få vaksine

Har du fleire spørsmål ?
For meir informasjon kontakt vaksine@stryn.kommune.no 
Ikkje skriv sensitiv informasjon i epost

 

Vaksine mot korona

Korleis føregår vaksinasjonen?

Koronavaksine på 1-2-3 -  enkel og lettlesen informasjon om koronavaksinen frå Folkehelseinstituttet.

Før vaksinering

Før vaksinasjon vil du bli spurd om du er frisk, og om du har hatt reaksjonar på andre vaksinar du har fått tidlegare. Hugs å informere om du er gravid, har allergi, brukar medisinar eller har andre helseproblem. Det er vanleg å utsetje vaksinasjon ved akutt sjukdom og ved feber over 38 grader.

Vaksineringa

Vaksinen vert gitt med sprøyte i overarmen. Ein ny dose skal gjevast etter nokre veker. Det er viktig at du tek andre dose til oppsett tid som no er etter 9 veker. 

Meir informasjon om vaksinen:

Etter vaksinering

Etter vaksinasjonen må du vente på vaksinasjonsstaden i minst 20 minutt, slik at du kan bli følgd opp dersom du skulle få ein reaksjon.

Alle som vaksinerer har opplæring og nødvendige medisinar tilgjengeleg for å takle ein eventuell allergisk reaksjon. Dersom du opplever uventa, kraftige eller langvarige symptom, som du trur skuldast vaksinen, bør du kontakte lege eller anna  helsepersonell for vurdering og råd.

Helsepersonell har plikt til å melde frå om alvorlege eller ukjende reaksjonar som dei mistenkjer kan skuldast vaksine. Du kan også sjølv sende inn melding via www.melde.no.

Transport til vaksinasjon
  • Transport til vaksinasjon må ordnast av kvar enkelt. Transport til vaksinasjon kan ikkje bestillast frå Pasientreiser eller legekontora. TT-kort kan nyttast ved evt. bruk av drosje.
Eg oppheld meg i annan kommune. Kva gjer eg?

Eg er folkeregistrert i Stryn, men oppheld meg i annan kommune. Kva gjer eg?
Smittevernlova seier at kommunane skal sørge for at alle som bur, eller midlertidig oppheld seg i kommunen får tilbod om vaksinasjon. Det betyr at om du oppheld deg i ein annan kommune, kan du ta kontakt med dei for å høyre om dei kan vaksinere deg.

Jfr. Smittevernloven § 7-1.

Kvar skjer vaksinasjonen?

I Stryn vaksinerer vi etter avtale i Stryn kulturhus, Tinggata 18, 6783 Stryn.

  • Legg merke til kvar du skal møte, og møt presis. Pass på å halde god avstand til andre på veg inn, inne og når du skal ut av lokalet.
  • Du skal ikkje møte til vaksinasjon om du blir sjuk med feber eller har andre symptom på luftvegsinfeksjon. Du vil få tilbod om vaksinasjon igjen straks du vert frisk.
Kan eg bli vaksinert om eg er sjuk?

Du skal ikkje møte opp til vaksinasjon om du på vaksinasjonsdagen:

  • Har symptom på forkjøling, feber over 38 °C eller andre teikn på infeksjonssjukdom
  • Er i karantene eller ventar svar på koronatest
  • Er isolert grunna covid-19 (du bør vente med vaksinen til 3-4 veker etter betring)
  • Har blitt vaksinert med annan vaksine i løpet av siste 7 dagar
Skal barna vaksinerast?
Kan ein få bivirkningar etter vaksinering?
Kva aldersgruppe tilhøyrer eg?

Prioriteringslistene tek utgangspunkt i årgang og ikkje fødselsdatoar.
Døme: Det vil seie at alle som fyller 75 år i 2021, vil tilhøyre gruppa 75-79 år. Dersom du er 74 år i januar 2021, og fyller 75 år i desember 2021, vil du tilhøyre gruppa 75-79 år. 

Råd og informasjon for gravide og ammande

Gravide og ammande vert anbefalt vaksine mot covid-19. Vaksinasjon i svangerskapet vil også beskytte barnet etter fødsel.

 

Råd og informasjon for gravide og ammande

Takk for at du går gjennom denne sjekklista før du får koronavaksine
Om vaksinen

Vaksinasjon er ein av de mest effektive formene for førebygging av smittsame sjukdommar. Hensikten med vaksinasjon mot koronavirusinfeksjon (covid-19) er å førebygge sjukdom eller å gjere sjukdomsforløpet mildare utan å bli utsett for alvorlege bivirkningar, her får du meir informasjon: Koronavaksine - info frå fhi

Dose 3 til personar med alvorleg nedsett immunforsvar

Folkehelseinstituttet (FHI) har kome med ny informasjon om ei tredje vaksinedose for personar med alvorleg nedsett immunforsvar. Desse er delt inn i to grupper og dei fleste av desse kan no få vaksine. Informasjon blir gitt til fastlegane og sykehus. 

Gruppe 1

  • Organtransplanterte, beinmargstransplanterte siste 2 år eller pågåande graft versus host-sjukdom som krev immunsuppresjon
  • Alvorleg og moderat primær immunsvikt
  • Aktiv dialysebehandling og pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5
  • Avansert eller ubehandla HIV-sjukdom

Gruppe 2

Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av annan årsak, med eit av medikamenta på denne lista:  Sjå medikamentliste her.

Alle som har ei av desse diagnosene i gruppe 1 og som vil ha vaksine før dei får brev frå sjukehuset, må vise fram notat frå sjukehuset som stadfestar diagnosa.  For gruppe 2 må det framvisast dokumentasjon på medisinbruken.  

 

Vaksinering i Stryn
 

I denne filmen kan du sjå korleis vaksineringa i Stryn går føre seg og korleis du skal bestille tid når det blir din tur. Du kan velje norsk, engelsk, polsk, slovakisk eller arabisk tekst, trykk på CC nede på filmen for å velje språk.


 

Dette må du vite før du tenner bål! Tekst frå norsk til engelsk, tysk, spansk, nederlandsk, litauisk, fransk, polsk.

Mange bønder har for tida utfordringar med tørke. Det er viktig å dokumentere problema no. Ta bilder av skadene og meld frå til kommunen.

No kan du søkje om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av anlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd. Søknadsskjema ligg på www.anleggsregisteret.no

Stryn kommune ynskjer tilbod på prosjektet Opprusting av Per Bolstad plass. Frist for innlevering av tilbod er onsdag 22. august 2018 kl. 13.00.

Kommunar i Sogn og Fjordane får til saman 165 000 kroner til språkarbeid. Kommunane som får stønad er Stryn, Gloppen, Stad 2020 (Eid og Selje) og Sunnfjord (Naustdal, Gaular, Jølster og Førde). Sogn og Fjordane fylkeskommune får tilskot saman med Hordaland. 

Planområdet er lokalisert mellom sekundærstasjonen i Bø/Stryn ungdomsskule, rv 15 og bustadane langs Riisevegen 10,12,18 og 22.

Kommunen har frå i dag lagt inn kunstig intelligens (chatbot) på heimesida. Chatboten heiter KommuneKari og er eit dataprogram du kan skrive spørsmål til og få svar frå.

Det har siste døgnet kome litt regn, og vermeldingane melder at det skal kome jamt med nedbør første dagane. Brannsjefen opphevar derfor totalforbodet (frå 28. mai) mot bålbrenning og bruk av annan open eld.

Stryn kommune rullerer årleg Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv sitt handlingsprogram når det gjeld idrettsanlegg og nærmiljøanlegg.

 

 

Frist for å søkje Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2018. Frivillege organisasjonar kan søkje om å få kompensert kostnader til moms i 2017. Denne tilskotsordninga kallar vi momskompensasjon.