Riksveg 15 over Strynefjellet, informasjon frå Statens vegvesen

På nettsida til Statens vegvesen kan du følgje planlegginga av ny tunnel over Strynefjellet. Utgreiinga skal gje ei brei fagleg vurdering av interesser knytt til transportsystemet over Strynefjellet, inkl. arm til Geiranger.

Målet for arbeidet med konseptvalutgreiinga (KVU) har vore:

  • Å kartlegge behov knytt til transportsystemet i korridoren over Strynefjellet, inkl. arm til Geiranger. Transportsystemet for denne korridoren vil samtidig verte halde opp mot andre aktuelle aust-vest-samband for den trafikken det gjeld (E39 + E16/rv. 5–rv. 7, E134 o.a.).

  • Å avklare aktuelle konsept for transportsystemet i korridoren.

  • Å vurdere grad av måloppnåing for dei ulike konsepta.

  • Å gjere greie for transportmessige og samfunnsøkonomiske verknader av dei ulike konsepta.
     

Informasjon frå Statens vegvesen

Dette må du vite før du tenner bål! Tekst frå norsk til engelsk, tysk, spansk, nederlandsk, litauisk, fransk, polsk.

No kan du søkje om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av anlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd. Søknadsskjema ligg på www.anleggsregisteret.no

Stryn kommune ynskjer tilbod på prosjektet Opprusting av Per Bolstad plass. Frist for innlevering av tilbod er onsdag 22. august 2018 kl. 13.00.

Kommunar i Sogn og Fjordane får til saman 165 000 kroner til språkarbeid. Kommunane som får stønad er Stryn, Gloppen, Stad 2020 (Eid og Selje) og Sunnfjord (Naustdal, Gaular, Jølster og Førde). Sogn og Fjordane fylkeskommune får tilskot saman med Hordaland. 

Planområdet er lokalisert mellom sekundærstasjonen i Bø/Stryn ungdomsskule, rv 15 og bustadane langs Riisevegen 10,12,18 og 22.

Kommunen har frå i dag lagt inn kunstig intelligens (chatbot) på heimesida. Chatboten heiter KommuneKari og er eit dataprogram du kan skrive spørsmål til og få svar frå.

Det har siste døgnet kome litt regn, og vermeldingane melder at det skal kome jamt med nedbør første dagane. Brannsjefen opphevar derfor totalforbodet (frå 28. mai) mot bålbrenning og bruk av annan open eld.

Stryn kommune rullerer årleg Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv sitt handlingsprogram når det gjeld idrettsanlegg og nærmiljøanlegg.

 

 

Frist for å søkje Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2018. Frivillege organisasjonar kan søkje om å få kompensert kostnader til moms i 2017. Denne tilskotsordninga kallar vi momskompensasjon.