Aukande skogbrannfare

Tørke medfører betydeleg auka fare for brann i skog og anna utmark. Derfor er det eit generelt forbod mot bruk av open eld i heile landet i sommarhalvåret: I skogen, på fjellet, på stranda, og ved naturområde som ikkje er innmark.


 

- Sol, varme og vind som vi har hatt i lang tid, gjer faren for brann spesielt stor. Tørr vegetasjon bidrar til brannfare langt over normalen, seier John Jatgeir Vinsrygg, brannsjef i Stryn kommune.

Ver forsiktig!

Så tørt som det er no skal det svært lite til for å starte ein brann. Kvar enkelt av oss må vere forsiktige og opptre på ein slik måte at det ikkje oppstår brann. Det gjeld alle, heile tida og over alt. Alle må vere forsiktige og prøve å redusere sannsynlegheita for brann, og begrense skadene hvis brann skulle oppstå. Oppgjort eld må ikkje forlatast før det er fullstendig slokt.

Frå 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. Dette forbodet omtalast gjerne som "bålforbodet".
Det generelle forbodet gjeld kun i eller i nærleiken av skog og anna utmark, - alle område som ikkje er innmark. Eksempel på innmark er gardsplassar, hustomter, dyrka mark, engslått og liknande område. Men hugs at du har plikt til å vere forsiktig på desse områda. Det er den som utfører aktiviteten som er ansvarleg for brannsikkerheita.

- Sånn som tilhøva er no, før betydelege nedbørsmengder kjem, ønskjer vi ikkje at du gjer opp eld. Bruk sunn fornuft, hugs at du sjølv er ansvarleg for eventuell skade, seier brannsjefen i Stryn.