Avlingssvikt, dokumentasjon og erstatning

Mange bønder har for tida utfordringar med tørke. Det er viktig å dokumentere problema no. Ta bilder av skadene og meld frå til kommunen.

Jordbruksføretak kan få erstatning ved klimabetinga svikt i planteproduksjon, bær- eller honningproduksjon.

Gi melding til kommunen straks du blir klar over skaden. Det gir kommunen anledning til å kontrollere arealet og skadeårsak. 

For å kunne søke erstatning må skadane dokumenterast. Dokumentasjonen skal bekrefte skaden, korleis den har oppstått, skadeomfang, og korleis dette har ført til redusert avling. Søknadsfristen for å søkje erstatning er 31. oktober.

Ring Stryn kommune for nærare informasjon:

Ellen Bodil Kirkeeide 57 87 47 21

Amund Hjelle tlf 57 87 47 20

Fylkesmannen om avlingssvikt, dokumentasjon og erstatning

Landbruksdirektoratet om klimabetinga skader