Barselgruppetilbod for deg med barn opp til 5 år

Stryn helsestasjon planlegg COS-P-foreldrerettleiingsgrupper fast tre gongar i året til alle nybakte foreldre/foreldre som er i permisjon og elles foreldre med barn opp til ca 5 år. Vi oppfordrar spesielt mødre og fedre som er i permisjon til å delta.

Alle foreldre er velkomne på kurs der vanlege, viktige og vanskelege tema i foreldrerolla vert tekne opp.

 

  • Oppstart september 2022, dato for oppstart vert kunngjort seinare
  • Stad: Stryn helsestasjon, Setrevegen 4
  • Kurset er gratis og går over sju samlingar
  • Ring 57 87 69 99 for å få vite meir om kurset
  • Kurset er særleg anbefalt til foreldre med barn i førskulealder
  • Det er ønskjeleg at begge foreldre deltek i kurset