Beredskap mot ekstremvêret Gyda
Onsdag 12. og torsdag 13. januar er det meldt om svært mykje nedbør på Vestlandet. Det er fare for snøskred, flaum og jordskred. Ekstremveret har fått namnet «Gyda». Det er viktig at privatpersonar og beredskapsaktørar gjer det dei kan for å førebygge flaumskader. I samband med farevarselet oppmodar brannvesenet at ein sikrar lause gjenstandar og opnar slukar. Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for snø og is, grus, søppel, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppdemma vatn kan forårsake skred.
Sist endra 15.07.2022 14.42