Besøk mellom pårørande og bebuarar ved Stryn og Vikane omsorgssenter

Det er innført restriksjonar for besøkande til alle landets helseinstitusjonar og det er sett i verk adgangskontroll for å ivareta smittevern av pasientane. Stryn kommune har derfor stengt omsorgssentra for besøkande grunna fare for smittespreiing. Dette ut frå råd gjeve av Helsedirektoratet.

Koronaviruset har ført til en ny kvardag både for dei som bur på omsorgssentra, deira pårørande og dei som jobbar der. Stryn og Vikane omsorgssenter jobbar fortløpande for å finne løysingar for kontakt mellom pårørande og bebuar.

Vi har fått iPadar med Sparebanken Sogn og Fjordane, og har oppretta SKYPE-konto som kan nyttast for digital kommunikasjon.

Vi har oppretta alternative møteplassar på omsorgssentra. Ved Stryn Omsorgssenter tek ein imot besøk i lokala til Dagsenteret. Her er det montert eit plexi-glass i ei døropning slik at den besøkande og bebuaren kan sjå kvarandre. Det er også luftehol øverst og nederst slik at lyden kan gå igjennom og gjev muligheit for samtale. Den besøkande og bebuar kan ikkje ta på kvarandre, og virus eller anna smitte kan ikkje trenge igjennom.

Det er begrensa kor mange besøk omsorgssentret kan ta i mot kvar dag, og det er laga ein plan over dette. Kvart besøk er på inntil 12 minuttar. Besøk på Stryn omsorgssenter.  Vikane Omsorgssenter har liknande løysing klar i løpet av veke 18.

Det er også eit alternativ for pårørande og bebuarar til å treffast ute. Det er laga eigen besøksbenk i Vikane. I Stryn er det mulegheit for samtale over gjerde. Det er nøye vurdert avstand vi kan tillate ved besøk, og dette er merka opp. Kvart besøk er avgrensa til 10 minuttar.  

Ved akutt alvorleg sjukdom og i terminalfasen tillét vi besøk av pårørande på rommet til brukar. Dette etter eiga prosedyre.

Alle typar besøk krev at pårørande tek kontakt på førehand med personalet, og gjer avtale om besøk. Gåver og anna som pårørande ønskjer å gje bebuar skal vere pakka i plast og leverast personale etter avtale.

Vi ønskjer alle velkomne til tilrettelagt besøk og ber om at reglane rundt dette blir respektert.