Blaksettunnelen Stryn kommune

Den nye tunnelen mellom Blakset og Robjørgane, på fylkesveg 698 ved Blakset i Stryn kommune, får namnet Blaksettunnelen. Sogn og Fjordane fylkeskommune har no gjort endeleg vedtak om namnet.

Klage på namnevedtak

Ifølgje stadnamnlova § 10 har du klagerett. Når ei namnesak er avslutta, er det ein klagefrist på tre veker. Ønskjer du å klage på namnet skal den handsamast av Sogn og Fjordane fylkeskommune og ev. Klagenemnda for stadnamnsaker, som då endeleg avgjer saka.