Bli trygge foreldre

Stryn kommune vil komande halvår tilby fleire ICDP-foreldregrupper. International Child Development Programme (ICDP) er eit enkelt, helsefremmande og forebyggande program som har som mål å styrke omsorg og oppvekst for barn og unge. Her lærer du kva barn behøver for å få god sjølvkjensle, og korleis du som vaksen kan få ein betre relasjon til barnet ditt.

Program for foreldrerettleiing (ICDP) er eit tilbod til alle foreldre med barn opp til 18 år. Gjennom programmet møter du andre foreldre i grupper for å utveksle erfaringar. Målet er at den enkelte mor eller far skal bli trygge foreldre, ved å bli bevisste på kva dei gjer som er bra for barna. Du får inga ferdig oppskrift, men hjelp til å finne eigne løysingar for deg og ditt barn. Samtalene i foreldregruppene tek utgangspunkt i dine og dei andre deltakarane sine erfaringer frå kvardagen. 

I Stryn samarbeider helsestasjonen, barnevernet, barnehagane og flyktningtenesta om prosjektet og vil tilby rådgjeving i fleire grupper: 

  • Norsk (standardversjon)
  • Tigrinja og arabisk (minoritetsversjon)

Rådgjevingsgruppene vil vare over 8 (standardversjon) – 12 (minoritetsversjon) samlingar

Er du interessert og vil vite meir sjå denne informasjonsfilmen eller ta kontakt med

leiande helsesjukepleiar Tine Camilla Rosenvinge tlf. 57 87 69 99

Tine.Camilla.Rosenvinge@stryn.kommune.no