Bru i Briksdalen vert snevra inn

Brua Briksdal I på fv. 5724 Oldedalsvegen skal forsterkast innan sommarsesongen 2021. Fram til då vert køyrebana innsnevra.

– Kontrollmålingar viser at brua ikkje har tilstrekkeleg kapasitet til å tole tyngre køyretøy utan at vi gjer tiltak, seier Jorunn Hillestad Sekse, leiar for vedlikehald område nord i Vestland fylkeskommune. 

– Vi har regelmessige kontrollar av alle bruene våre, og dette er ei av dei vi held under spesiell oppsikt. Sentrisk køyring gjev ein ekstra tryggleik, for då konsentrerer ein vekta på dei hovudbærande bjelkane, dei som toler mest, forklarer områdeleiaren.

Meir informasjon på vlfk.no