Bruk av skogfond til å dekke utgifter knytt til plantekjøp og planting

Dersom du eig over 10 dekar skogproduserande mark har du sannsynlegvis ein skogfondskonto knytt til eigedomen din. Her kan du lese meir om skogfond og skogbruk.

Den mest utbreidde bruken av skogfondsmidlar er i dag knytt til planting etter hogst.

Dersom du har fått faktura for planting (plantekjøp og/ eller planting) og ønskjer å nytte midlane på skogfondskontoen din til å dekke denne utgifta, må du gjere følgjande:

  • Betale fakturaen

  • Fylle ut søknadsskjema LDIR-909 som du finn på denne sida.

  • Sende søknadsskjemaet, kopi av faktura og eit kart som syner kvar det er planta til:
    Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn.

    Du kan også hente/ levere skjema i Servicekontoret, 3. etg. Stryn Torg 

Har du nok midlar på skogfondskontoen din, vert det dokumenterte utlegget så tilbakebetalt til din private konto, som du har ført opp på søknadsskjemaet.

Du kan sjekke saldoen på skogfondskontoen din via nettsida www.skogfond.no.