Busetjing av flyktningar frå Ukraina
Stryn kommune har allereie busett 4 personar frå Ukraina som er sjølvbusette. I løpet av dei neste vekene kjem to ukrainske familiar til, ein til Olden og ein til Hjelle.
- Vi ønskjer å busetje flyktningane i fleire av bygdene våre, seier Jorge Hidalgo i Flyktningtenesta, - det er bra for integrering og positivt for elevtalet på dei mindre skulane og i barnehagane.
Kommunen har busett flyktningar i mange år, og stryningar gjer ein fantastisk innsats for å inkludere nye innbyggjarar, både privat og gjennom organisasjonar og bedrifter.
- Vi i flyktningtenesta set stor pris på engasjementet og arbeidet som vert gjort av lokalsamfunnet for å inkludere og integrere flyktningane, seier Jorge.
Kommunen har tidlegare svart ja til å motta 32 flyktningar i 2022, men vart oppmoda om å auke dette talet til 110, på grunn av invasjonen av Ukraina. 24. mars i år vedtok Stryn kommunestyre å busetje 110 flyktningar, der familiegjenforeining kjem i tillegg.
Søk midlar til integrering av flyktningar
Sist endra 07.12.2023 15.19