Dagsturhytta på plass i dag!

Dagsturhytta er på plass på Kloppemyra ovanfor Vik i Stryn. Hytta vart sett på plass i dag, men det gjenstår litt montering som Reksnes Bygg vil ta seg av, difor går det endå litt tid før hytta opnar for publikum. 

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar og er på om lag 15 kvadratmeter. Hytta som er valt ut, har form som ein trekant. Bygget er særprega og har utandørs sitjetrapper og sitjebenkar. 

Store vindauge og mykje lys skaper god romkjensle og gjev dei besøkande god kontakt med naturen. Ved inngangen blir det overbygd plass til å henge av seg ytterklede og setje frå seg sko.

Dagsturhytta er ein plass for å ete matpakken sin, kvile seg og bla i bøker. Stryn kommune bestemte seg også for å byggje utedo i tilknyting til hytta, den er også komen på plass som du kan sjå bak på bildet.

Foto: Inge Guddal

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I løpet av 2018 skal kvar kommune i Sogn og Fjordane ha fått på plass dagsturhytter med nynorske turbibliotek på eit turmål i kommunen.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Utgangspunktet er visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftslivFysisk aktivitet for alle.