Dagsturhytta snart på plass

No er dagsturhytta snart på plass på Kloppemyra ovanfor Vik i Stryn. Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar og er på om lag 15 kvadratmeter. Hytta kjem til Stryn no til helga og blir oppmontert tidleg i oktober.

Hytta som er valt ut, har form som ein trekant. Bygget er særprega og har utandørs sittetrapper og sittebenkar. 

Store vindauge og mykje lys skal skape god romkjensle og gi dei besøkande god kontakt med naturen. Ved inngangen er det overbygd plass til å henge av seg ytterklede og setje frå seg sko.

Dagsturhytta er ein plass for å ete matpakken sin, kvile seg og bla i bøker. Stryn kommune har i tillegg bestemt seg for å byggje utedo i tilknyting til hytta. 

Kart med bilder - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I løpet av 2018 skal kvar kommune i Sogn og Fjordane ha fått på plass dagsturhytter med nynorske turbibliotek på eit turmål i kommunen.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Utgangspunktet er visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftslivFysisk aktivitet for alle.