Dagtilbod for heimebuande personar med demens

Stryn kommune har dagtilbod i Stryn og Vikane for heimebuande personar med demens. Dagtilbodet skal bidra til ein meiningsfull kvardag med aktivitetar som til dømes tur, utflukter, song og trim, sosialt samvær.

Dagtilbodet skal også vere ei støtte for pårørande. Vi tilbyr skyss til og frå, middag i fellesskap og gode stunder.

Dagtilbodet er ope:
Stryn tysdag og torsdag 09.30-14.30.
Vikane onsdag og fredag kl. 09.30-14.30.


Ein må søkje på tenesta, og søknadsskjema finn du på

https://stryn.kommune.no/soknadssenter/