Deler du brønn med naboen?

Innan 1. juli i år skal alle system for vassforsyning vere registrert hos Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, for eksempel ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn.


Meir informasjon og lenke til registreringsskjemaet finn du her

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt skjema tilpassa mobil. I skjemaet registrerer du plasseringa av vassforsyningssystemet ved å markere staden på eit kart, og det er berre nokre få tilleggsspørsmål som skal besvarast.

Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi bruke denne informasjonen i arbeidet vårt. Ein slik oversikt er for eksempel nødvendig å ha når kommunen legg  planer for bruken av areal rundt brønnen og brønnområdet. Oversikten gjer det muleg for oss å vurdere hensyn til drikkevasskildene på eit tidleg tidspunkt. 

Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningssystem

I januar 2017 kom ei ny drikkevassforskrift, som sette tydelegere krav til trygt drikkevatn, også frå små vassforsyningssystem.

Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vere registrerte står i drikkevannsforskriften § 17.

Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er, kan du lese i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k.

Informasjon til de minste vannforsyningssystemene gir nyttig informasjon som er spesielt berekna for små vassforsyningssystem.

Har du spørsmål om registreringa?
Ta kontakt med Mattilsynet tlf 22 40 00 00, og spør etter di lokale avdeling.