Den Kulturelle Spaserstokken, søk om pengar før 31. mai

«Den kulturelle spaserstokken» skal leggje til rette for gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt.

Stryn kommune skal sende ein samla søknad. Alle som ønskjer å søkje midlar må difor sende søknaden til Stryn kommune ved oddhild.hilde@stryn.kommune.no innan 31.05.18.

Søknadane vert her samanfatta og sendt vidare til Sogn og Fjordane Fylkeskommune for handsaming der.

I samband med søknad om midlar må ein også rapportere om evt. tildelte midlar for 2017.

For meir informasjon og rettleiing for søknad, sjå Den kulturelle spaserstokken - Sogn og Fjordane fylkeskommune