Detaljregulering for Hydla klatrepark og gjestegard

Kunngjering om eigengodkjenning. Hydla Klatrepark og gjestegard skal etablerast vest for Stryn skisenter i Stryn kommune.

I medhald av §12-12 i plan- og bygningslova (pbl) av 2008, har Stryn kommunestyre i møte den 27.03.18, sak 029/18, godkjent reguleringsplanen.

Plandokumenta kan du sjå ved å gå inn på planregister, søk så på planid-nummer: 2017001

Du kan også sjå planen ved på Servicekontoret til Stryn kommune, 3. etg. Stryn Torg.

Kommunestyret sitt vedtak om eigengodkjenning kan påklagast til fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse i saka. Eventuell klage bør grunngjevast, og må sendast Stryn kommune innan 3 veker frå denne kunngjeringa. Det må opplysast kva tilknyting klagaren har til det området klaga gjeld.

Når det gjeld verknaden av stadfesta reguleringsplan, blir det vist til pbl § 12-4. Planen er bindande for alle arbeid og tiltak innanfor planområdet. Krav om erstatning etter pbl § 15-3 nr. 1 og krav om innløysing etter pbl § 15-2, må vere sett fram seinast tre- 3 - år etter denne kunngjeringa, eller 3 år etter at eventuelle byggverk er fjerna.

Krav om innløysing og erstatning skal rettast til kommunen.

 

Avdelingsleiar, byggesak og regulering