Detaljregulering Hjellebakkane - utviding. Melding om offentleg ettersyn

Det er planlagt to nye hus i Hjellebakkane. Planframlegget blir lagt ut på Buda i Hjelledalen og på Servicekontoret til Stryn kommune 29. mai og ligg fram til fristen går ut 10. juli.

Planen er avgrensa slik:

  • Mot nord: gnr/bnr 20/52 og 55
  • Mot aust: 20/5, 39 og 52
  • Mot sør: 20/26, 30 og 52
  • Mot vest: veg til Hjellebakkane og 20/52

I samsvar med plan- og bygningslova 2008 § 12-11 blir framlegget lagt ut til offentleg ettersyn i tida 29.05.18-10.07.18 på servicekontoret til Stryn kommune, Tonningsgata 4 og på Buda i Hjelledalen.


Planframlegget kan du også sjå her: planregister, søk så på planid nummer 2017002.


Du har høve til å uttale deg om planen og eventuelle merknader må sendast skriftleg til Stryn kommune v/sektorutval for tekniske saker, Tonningsgata 4, 6783 Stryn, eller på e-post: postmottak@stryn.kommune.no innan 10.07.18

 

Avdelingsleiar, byggesak og regulering