Detaljregulering Leitekvia - Solvik

Kunngjering om eigengodkjenning. Reguleringsplanen legg rammer og føringar for justert veglinje og endra utbyggingsmønster langs ny sambinding mellom Fv 60 og området Rake/ Oppheim.

I medhald av §12-12 i plan- og bygningslova (pbl) av 2008, har Stryn kommunestyre i møta den 19.09.2017, sak 064/17 og den 27.03.18, sak 026/18, godkjent ovanfornemnde reguleringsplan.


Plandokumenta kan du sjå ved å gå inn på planregister, søk så på Planid – nummer: 2015003


Du kan også få sjå planen ved å ta kontakt med Servicekontoret til Stryn kommune.
Kommunestyret sitt vedtak om eigengodkjenning kan påklagast til fylkesmannen av den som er part eller har rettsleg klageinteresse i saka. Eventuell klage bør grunngjevast, og må sendast Stryn kommune innan 3 veker frå denne kunngjeringa. Det må opplysast kva tilknyting klagaren har til det området klaga gjeld.


Når det gjeld verknaden av stadfesta detaljregulering, blir det vist til pbl § 12-4. Planen er bindande for alle arbeid og tiltak innanfor planområdet. Krav om erstatning etter pbl § 15-3 nr. 1 og krav om innløysing etter pbl § 15-2, må vere sett fram seinast tre- 3 - år etter denne kunngjeringa, eller 3 år etter at eventuelle byggverk er fjerna.


Krav om innløysing og erstatning skal rettast til kommunen.

 

Avdelingsleiar, byggesak og regulering