Energispareprosjekt bygg

Stryn kommune inviterer lokale entreprenørar og EPC-entreprenørar til orientering og synfaring. Kommunen planlegg å gjennomføre eit større energispareprosjekt i 2019-20. Prosjektet er kunngjort på Doffin.

Kontrakt blir inngått med energientreprenør som stiller garanti for energireduksjonen ved gjennomføring av tiltak. Av erfaring blir mykje av sjølve installasjonsarbeidet gjennomført av lokale entreprenørar.

Tilbodsfrist før forhandling av oppdraget er 24. januar 2019 og endeleg tildeling blir 14. februar 2019.

Kommunen inviterer til informasjonsmøte på kommunesenteret
onsdag 12. desember kl 19.30-21.30

  • Det blir informasjon om prosjekt og modell
  • Entreprenørane vil få høve til å presentere seg

- Så møt opp og knytt kontakter.

Dagen etter, torsdag 13. desember kl 08.30, blir det synfaring på tre av bygga som er med i prosjektet.

Meld frå på e-post til egil.erdal@stryn.kommune.no  om kven som eventuelt kjem på møtet/ synfaringa.