Er du interessert i å gjere ein jobb for å få opp ny skog i Vestland?
For å gjennomføre vårens plantesesong søkjer næringsaktørane i skogbruket sesongarbeidarar. Aktørane ønskjer å setje saman lag som kan jobbe i ulike geografiske område.
Plantinga skal i hovudsak skje i Nordfjord, Sunnfjord, Indre Hordaland og Nordhordland, men det vil vere ein viss aktivitet overalt. Aktørane er på jakt etter deg som trivast med fysisk hardt arbeid ute i skogen. Det er også ei god mulegheit til å tene gode pengar og til å bidra til å plante framtidas skog.
Aktørane har behov for å engasjere personar som kan gjere ein praktisk jobb med planting av skog eller vere arbeidsleiar for ei arbeidsgruppe. Arbeidet er fysisk og går føre seg ute i skog og mark.
Ta kontakt med næringsaktørane eller skogansvarleg i din kommune eller nabokommune om du, eller nokon du kjenner, er interessert i gjere ein jobb for å få opp ny skog i Vestland.
Nærare info frå Statsforvaltaren
Interessert? Skogansvarleg i Stryn kan formidle kontakt med dei ulike næringsaktørane.
Ta kontakt med:
Åse-Berit Nytun
skog- og eigedomsforvaltar
57 87 47 19
Sist endra 28.11.2023 14.17