Er du pårørande eller nær venn av ein person med demens?

Meld deg på pårørandeskulen innan onsdag 6. mars. Pårørandeskulen er eit gratis kurstilbod til pårørande og nære venner til ein person med demenssjukdom.

Pårørandeskulen i Stryn startar kurs for pårørande til personar med demens 12. mars på Stryn omsorgssenter. Gjennom faglege førelesingar, plenums- og gruppesamtalar er målsetninga å:

  • gi pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar
  • gi innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens
  • bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettigheiter og aktuelle lover, og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet
  • tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon

Fellesskap med andre i same situasjon kan være ei viktig støtte for pårørande. Ei landsomfattande evaluering av pårørandeskular viser at deltakarane har stor nytte av å delta på kurs. Informasjon og støtte kan redusere pårørande sine omsorgsbelastningar og føre til ein betre kvardag både for pårørande og den som er sjuk. Evaluering av tidlegare kurs i Stryn viser at pårørande vurderer at det å delta på kurset er til hjelp, støtte og fellesskap.

Kurset er lagt opp over 5 samlingar med fylgjande tema:

  • Kva er demenssjukdom?
  • Demens kan vere så mangt
  • Kommunikasjon og samhandling
  • Pårørande fortel om sine erfaringar
  • Aktivitet og mesitring. Tenester i kommunen

Ta kontakt om du har behov for avlastning for å kunne delta på kurset. Vi vil prøve å vere behjelpeleg med det.

 

Praktiske opplysningar:

Stad: Stryn Omsorgssenter, Buketten   

Samlingar på fylgjande datoar: 12.03, 19.03, 26.03. 02.04, 09.04

Påmeldingsfrist: 6. mars              

Kursavgift: Gratis

Arrangør: Demensteamet i Stryn

 

For nærare opplysning kontakt: Anita Skarstein

Telefon 57 87 69 33      

E-post anita.skarstein@stryn.kommune.no

 

www.nasjonalforeningen.no – Organiserer landets demensforeninger

www.helsedir.no – Dokumenter om nasjonale satsninger innen demensomsorgen

www.aldringoghelse.no – Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse