Er du pårørande til ein person med demens?

Meld deg på pårørandeskulen. Pårørandeskulen er eit kurstilbod til pårørande og nære venner til ein person med demenssjukdom. Kurset er på fem samlingar og det er påmeldingsfrist torsdag 21. oktober.

Kva er pårørandeskulen?

Gjennom faglege førelesningar, plenums- og gruppesamtaler får pårørande kunnskap om demens og innsikt i kva følgjer sjukdomen kan ha for personen med demens, pårørande og øvrige familie. Pårørande treffer andre i same situasjon og fagpersoner med kompetanse på området.

Ei landsomfattande evaluering av pårørandeskular viser at deltakarane har stor nytte av å delta på kurs. Informasjon og støtte kan redusere omsorgsbelastningane til pårørande og føre til ein betre kvardag både for pårørande og den som er sjuk. Evaluering av tidlegare kurs i Stryn viser at pårørande vurderer at det å delta på kurset er til hjelp, støtte og fellesskap. Pårørandeskulen i Stryn er i regi av Stryn hukommelsesteam.   
 

Tema på kurset

Kurset er lagt opp over 5 samlingar frå kl. 18.30 - 21.00 med følgjande tema:

•    Kva er demens?
•    Kommunikasjon og samhandling
•    Når åtferd endrar seg
•    Pårørande fortel
•    Aktivitet og meistring. Tilbod i kommunen


Praktiske opplysningar

Stad: Stryn omsorgssenter, Buketten

Datoar:
Tysdag 26. oktober
Tysdag 2. november
Tysdag 9. november
Tysdag 16. november
Tysdag 23. november

Påmeldingsfrist: 21. oktober

Kurset er gratis

For nærare opplysningar kontakt:
Anita Skarstein telefon 948 25 979
Meld deg på her: anita.skarstein@stryn.kommune.no


Vi oppfordrar helsepersonell om å informere aktuelle pårørande om dette tilbodet. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon


Nasjonalforeningen for folkehelse: Bli med i demensforeningen

Helsedirektoratet: Nasjonale anbefalingar, råd og pakkeforløp

Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse