Erstatning ved frostskader hos fruktprodusentar

Dei siste dagane har fleire fruktprodusentar i landet meldt om problem på grunn av det kalde veret. Så langt har vi ikkje fått melding om skade i vårt område. Ordninga som hjalp mange av bøndene i fjor som var ramma av tørke, gjeld også ved andre klimaskader. Landbruksdirektoratet oppfordrar difor bønder som opplever frostskader om å dokumentere skadene og kontakte kommunen så raskt som muleg. 

Søkjer du erstatning må du motta produksjonstilskot i landbruket, og produksjonssvikten må vere meir enn 30 prosent målt opp mot gjennomsnittsproduksjonen.

Det er også eit krav at det ikkje er muleg å forsikre seg mot avlingsskaden gjennom privat forsikring. Produsenten pliktar dessuten å begrense avlingstapet så langt som det er muleg,

- Det aller viktigaste no er å dokumentere skaden og omfanget, det er avgjerande dersom årets avling gjev store tap og det blir aktuelt å søkje om erstatning, seier seksjonssjef Kai Terje Dretvik i Landbruksdirektoratet.

Om landbrukserstatning

Kontakt

Landbrukssjefen
E-post
Telefon 57 87 47 00

Post- og besøksadresse:
Tonningsgata 4
6783 Stryn