Familiedag & stubbekonsert rundt om i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Skogselskap lanserer i sommar eit nybrottstiltak som kombinerer musikkopplevingar og skogaktivitet for born. Det blir arrangert 6 stubbekonsertar rundt om i Sogn og Fjordane. I Stryn blir det konsert med Sissel Marie Frøyland søndag 27. juni. Tema for familiedagen: Spikking og tre som råstoff, skogens brannvokter. Arrangementsstad blir annonsert seinare.

Skogselskapet inviterer alle barnefamiliar og andre til ein skogdag der dei, i tillegg til skoglege aktivitetar har fått lokale artistar til å spele framfor trestubbar som publikum kan sitje på, difor namnet «stubbekonsert».

- Sjølv med strenge koronarestriksjonar, så er det ingen som kan ta oss på at publikum ikkje sit på fastmonterte sitteplassar, fortel ein nøgd dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skogselskap Ruben R. Bøtun.

-Skogselskapet jobbar med å formidle skogens mangesidige verdiar, og det å nytte skogen til andre formål enn eit aktivt skogbruk er også noko som er viktig å formidle. Ikkje minst ynskjer me å løfte fram lokale artistar som endeleg kan spele for eit publikum att. Takka vere god økonomisk stønad frå Gjensidigestiftinga, Fylkeskommunen, Statsforvaltaren og kommunane har me mogelegheit til å tilby denne familiedagen & stubbekonserten heilt gratis for dei som ynskjer å delta, seier Bøtun.

Familiedagane startar kl 12.00, og det blir aktivitetar for born i omtrent alle aldrar. Det vil vere spikking, quiz, smaksprøver og aktivitetar der borna lærer, samstundes som dei gjer aktivitetar. Etterpå vil ein artist eller eit band halde konsert.


- Det er spesielt gledeleg å invitere til konsert når det er så mange festivalar som må avlysast i år. Dette er ein av få mogelegheiter lokalbefolkninga i Sogn og Fjordane har til å oppleve lokal kultur, og me vonar at mange tek turen ut i skogen for denne unike opplevinga! seier ein entusiastisk Ruben R. Bøtun.

Det er sett opp 6 familiedagar, med 6 ulike artistar/band. Den første familiedagen blir ved Dagsturhytta i Sogndal, 300 moh. Her vil ein kunne nyte utsikta samstundes som ein høyrer på Håvard Øyrehagen sine velspelte tonar.
Det jobbast med å få endå eit par artistar, men Skogselskapet held korta tett til brystet om kven som kan vere aktuelle, og kvar det eventuelt blir arrangert.

 

Informajson og program for alle familiedagane med stubbekonsertar rundt om i Sogn og Fjordane