Fellingskvote for Svartebotnen villreinområde

Stryn Fjellstyre har etter fjellova forvaltningsansvaret for jakt i Svartebotnen villreinområde og tildeler årleg fellingsløyve på villrein. Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har fastsett fellingskvoten for Svartebotnen villreinområde til 15 løyver for jakta 2021. Uttaket skal fordelast på kjønn og alder slik: 33% vaksen bukk (5 dyr), 33% simle eller ungdyr (5 dyr), 33% kalv (5 dyr).