Fleire kan få bostøtte til høge straumutgifter

Dersom husstanden din har lav samla inntekt og høge boutgifter, bør du undersøke om du har rett til bostøtte. På grunn av høge straumprisar, er bostøtta styrka fram til mars 2022. Styrkinga gjer at fleire pensjonistar, uføre og andre med lav inntekt kan få bostøtte og ekstra støtte til straumutgifter i vinter.

Dette er endringane:

  • Grensene for inntekt er auka
  • Reglane for formue er midlertidig fjerna
  • Ekstrautbetaling av straumstøtte til alle bostøttemottakarar

Søknadsfristen for januar er utsett til 31. januar, då får du vedtak og utbetaling 18. februar.
For februar er søknadsfristen 25. februar, med vedtak og utbetaling 18. mars.

Du kan lese meir om endringane på husbanken.no
Der kan du også sjekke inntektsgrensene, berekne bostøtta med bostøttekalkulatoren og søkje på bostøtte.