Folkehelseprofil 2018 for Stryn

Folkehelseinstituttet har no presentert «Folkehelseprofil 2018». Dette er eit samla oversyn over ein del helserelaterte indikatorar, der tala for kvar kommune vert samanlikna med  gjennomsnitt for fylket og heile landet. Dette skal hjelpe kommunane til å ha oversyn over helsetilstanden i befolkninga, og faktorar som påverkar helsa. Tala er henta frå ei rad offentlege datakjelder, mellom anna Statistisk sentralbyrå, NAV og Ungdata-undersøkinga, og ein del av tala er gjennomsnitt over fleire år.

Folkehelseprofilen syner at Stryn på mange område skil seg positivt frå landsgjennomsnittet, mellom anna:

Kor nøgd ungdomane er med lokalmiljøet
Kor mange born og unge som er med i ein fritidsorganisasjon
Meistringsnivå rekning på 5. trinn
Lågt fråfall i vidaregåande skule
Mindre alkoholrus blant ungdom
Høg forventa levealder for både kvinner og menn
Mindre psykiske symptom/ lidingar i aldersgruppa 15-29 år
 

Vi skil oss negativt frå landsgjennomsnittet på fire punkt:

Valdeltaking
Drikkevassforsyning
Overvekt/ fedme blant 17-åringar
Muskel-/ skjelettplager

 

Folkehelseprofil for Stryn 2018 (PDF, 2 MB)