Førehandsrøysting frå 12. august

Måndag 12. august og til og med 6. september 2019 er den ordinære førehandsrøysteperioden. I denne perioden kan du røyste i det førehandsrøystelokalet du ønskjer, i heile landet.

Finn vallokale i kommunen du bur i her

I Stryn kan du førehandsrøyste i Kommunesenteret, Tonningsgata 4.

Måndag til fredag kl 09.00 – 15.00

Torsdag 22. og 29 august og 5. september kl 09.00 – 18.00

På Stryn vidaregåande skule onsdag 4. september kl 10.30 – 13.00

Ta med valkort og legitimasjon.

Les meir om røysting og opningstider i Stryn kommune

Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogleg å angre på røystegjevinga. Det betyr at om du førehandsrøystar, så kan du ikkje røyste på nytt på valdagen 9. september.