Fornying av Dam Holevatnet

No er prosjektet fornying av dam Holevatnet i gang og her kjem litt informasjon om anleggsarbeidet.

Tid

Anleggsarbeidet skal pågå til det kjem snø igjen, samt litt oppryddingsarbeid i neste sesong. Dei jobbar gjennom heile sommaren og det blir ikkje sommarferie.
Dei skal jobbe lange dagar 07.00-19:30 kvar dag måndag-laurdag. Eventuelt noko arbeid etter 19:30, men då er det ikkje støyande arbeid.

 

Sirenevarsling ved sprenging

Det skal foregå sprengingsarbeid ved dammen og då blir det sirenevarsling.

 

Anleggsområdet

Det blir sett opp alpintgjerde og byggegjerde rundt anleggsområdet, det er strengt forbode å gå innanfor desse gjerda!

 

Vegen

Frå skisenteret er det gamle setrevegen og grusvegen opp til Holevatnet som kjem til å få mykje trafikk. Det er framleis muleg å køyre opp til øvste parkeringsplass på Tonningsetra, men du må ikkje køyre lenger og opp til Holevatnet. Er de ein skuleklasse/ barnehagebarn på tur er det fint å gå andre vegar, det er lov å bruke vegen, men der blir ein del trafikk.

 

Turstiane blir skilta

Turstiar blir leia på utsida av alpintgjerda, sjå skilting. Dei turstiane som til vanleg går opp til dammen vil ikke vere muleg å gå denne sesongen, men det blir skilta slik at du kan gå på utsida av alpintgjerda.

 

Drikkevatnet

Du treng ikkje vere bekymra for drikkevatnet, dersom det skjer noko med drikkevatnet vil det bli varsla direkte til berørte.

 

Vatningsforbod

Det er vatningsforbod fom 7. juni for alle abonnentar tilknytt Stryn vassverk. Vatningsforbodet gjeld heilt til varselet blir oppheva. Det er viktig at alle abonnentar til Stryn vassverk generelt ikkje sløsar med vatn. Grunnen til vatningsforbodet er at hovudvasskilda (Holevatnet) ikkje vert nytta som vasskilde under anleggsarbeida, og vi har ein sårbar situasjon med eit midlertidig vassinntak, samt forsyning frå Loen vassverk.

Loen vassverk vil forsyne deler av Stryn med vatn i denne perioden, det er difor viktig at alle abonnentar til Loen vassverk generelt ikkje sløsar med vatn, eller driv med mykje vatning.

 

Vikaelva

Det kjem til å vere stor variasjon i mengda vatn som blir sleppt ned Vikaelva. Innimellom kan det vere stor vassføring og innimellom lite vassføring. Dette fordi vasshøgda blir regulert under prosjektet. Elva kan til tider bli grumsete med varierande vasskvalitet. Vikaelva er ikkje ei godkjend drikkevasskilde og vil vere lite egna som drikkevatn i anleggsperioden.

 

Kameraovervaking

Det vil vere kameraovervaking oppe ved dammen til prosjektet er ferdig.

 

Takk

Stryn kommune takkar spesielt for godt samarbeid med grunneigarane.

 

Solheim ny prosjektleiar

Stryn kommune har bytt prosjektleiar frå Hanne Vangen til Edvard Solheim, ved spørsmål kontakt edvard@oseing.no 
Aurstad Tunnel AS er hovudentreprenør.

 

 

Klikk for stort bilete