Fosterheimstenesta med arrangement på Eid 31. mai

Fosterheimsveka er nasjonal og går over heile landet frå 31. mai - 6. juni. Vi i gamle Sogn og Fjordane har lagt vårt arrangement til EID. Vi har invitert fosterforeldre og fosterbarn til å fortelje om sin kvardag.

Stad: Gamlebanken på Nordfjordeid
Dato: Onsdag 31. mai
Klokkeslett: 17.00 - 19.00

Meld deg på her

Temaet er viktig uansett om du vil bli fosterheim eller ei. Det er viktig for alle som jobbar med born.

I tillegg er Line Dybedal der med song og Ingeborg Sol Fure forfattar og influensar.

 

Hilde Yndestad Halland
avdelingsleiar Fosterheimstenesta
region Vest, avdeling Førde