Friluftslivsområde i kommunen

Stryn kommune har kartlagd og verdsett 317 friluftslivsområde i kommunen i 2017 og 2018. Bakgrunnen for arbeidet er eit nasjonalt prosjekt i regi av Miljødirektoratet, med utgangspunkt i den nasjonale strategien for eit aktivt friluftsliv.

Ei arbeidsgruppe med faste medlemar har jobba med prosjektet. I tillegg har fleire med god kunnskap om temaet i dei ulike delane av kommunen vore med i kartleggingsarbeidet ved behov.

Til saman 317 friluftslivsområde er kartlagde og verdsette. Det er viktig å merke seg at vi har kartlagd ein «no-situasjon» for noko som er dynamisk – friluftslivsområda våre er i stadig endring.

Prosjektet har resultert i eit kart med tilhøyrande informasjon om kvart område.

Kartet er ikkje eit turkart, men skal primært nyttast som eit verktøy og kunnskapsgrunnlag i den offentlege planlegginga og forvaltinga. No har vi identifisert kva friluftslivsområde vi har, og ikkje har, og skal bruke denne kunnskapen til å utvikle og ta vare på areal for friluftsliv. Områda er likevel ikkje å sjå på som «bandlagde».

 

Vi håpar at også innbyggjarar, tilreisande, lag og organisasjonar kan finne nytte av informasjonen i kartet.

Prosjektet er no avslutta, og resultatet kan du sjå på Miljødirektoratet si nettside naturbase.no

 

 

Rapport om arbeidet med prosjektet Kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde i Stryn kommune (PDF, 294 kB)