Friluftslivsområde i kommunen

Visste du at Stryn kommune har kartlagd og verdsett 317 friluftslivsområde i kommunen? Kartlegginga har resultert i eit kart som du finn på www.naturbase.no 

Her finn du forklaring til korleis du nyttar basen.

Kartet er ikkje eit turkart, men skal primært nyttast som eit verktøy og kunnskapsgrunnlag i den offentlege planlegginga og forvaltinga.
Vi håpar likevel at også innbyggjarar, tilreisande, lag og organisasjonar kan finne kartet nyttig.