Frist for å søkje om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket* og utbetaling frå skogfond i 2021 er 1. desember

Dersom du eig over 10 dekar skogproduserande mark, har du i dei fleste tilfelle ein skogfondkonto knytt til eigedomen din. Her kan du lese meir om skogfond og skogbruk.

Den mest utbreidde bruken av skogfondmidlar er i dag knytt til planting etter hogst. Dersom du har fått faktura for planting (plantekjøp og/eller planting) og ynskjer å nytte midlane på skogfondkontoen din til å dekke denne utgifta, må du gjere dette:

  • Betale fakturaen.

Du kan så velje om du vil levere søknadsskjema på papir eller elektronisk. For å levere skjema på papir gjer du dette:

  • Fyll ut søknadsskjema LDIR-909 som du finn på denne sida.

  • Send søknadsskjemaet til Stryn kommune, kopi av faktura og eit kart som syner kvar det er planta.

Dersom du heller vil sende inn søknaden elektronisk finn du orientering om det her. Hugs å teikne inn det aktuelle arealet på kartet og last opp kopi av faktura.

Har du nok midlar på skogfondkontoen din vert det dokumenterte utlegget tilbakebetalt til deg. På søknaden må du hugse å føre opp kontonummeret som midlane skal betalast ut til.

NB: dersom du har gjort plantejobben sjølv, vert kostnaden til tiltaket «Nyplanting» rekna ut frå 3 kr. pr. plante.

  • Frist for å søkje utbetaling frå skogfondkonto i 2021 er 1. desember
    Denne fristen gjeld for all utbetaling frå skogfondkonto. 

På søknadsskjemaet for utbetaling frå skogfondkonto kan du også søkje om tilskot til skogkultur. Stryn kommune gjev 50% tilskot til skogkultur.

  • Frist for å søkje om tilskot til skogkultur i 2021 er 1. desember.
    For tilskot gjeld eit «førstemann-til-mølla-prinsipp», og søknader vert handsama fortløpande gjennom året, fram til fristen i desember. Det kan difor vere lurt å sende inn søknadsskjemaet så snart du kan.

Denne fristen gjeld også for søknad om tilskot til miljøtiltak i skog, utdrift av virke til bioenergi og drift i vanskeleg terreng. *For søknad om tilskot til vegbygging gjeld eigne fristar.