Frist for å søkje skogkultur og utbetaling frå skogfond i 2019 er 2. desember

Dersom du eig over 10 dekar skogproduserande mark, har du i dei fleste tilfelle ein skogfondkonto knytt til eigedomen din. Her kan du lese meir om skogfond og skogbruk.

Den mest utbreidde bruken av skogfondmidlar er i dag knytt til planting etter hogst. Dersom du har fått faktura for planting (plantekjøp og/eller planting) og ynskjer å nytte midlane på skogfondkontoen din til å dekke denne utgifta, må du gjere dette:

  • Betale fakturaen.

Du kan så velje om du vil levere søknadsskjema på papir eller elektronisk. For å levere skjema på papir gjer du dette:

  • Fyll ut søknadsskjema LDIR-909 som du finn på denne sida.
  • Send søknadsskjemaet til Stryn kommune, kopi av faktura og eit kart som syner kvar det er planta.

Dersom du heller vil sende inn søknaden elektronisk finn du orientering om det her. Hugs å last opp kopi av faktura og kart som vedlegg.

Har du nok midlar på skogfondkontoen din vert det dokumenterte utlegget tilbakebetalt til din private konto. Hugs å føre opp kontonummeret til din private konto på søknadsskjemaet.

  • Frist for å søkje utbetaling frå skogfondkonto i 2019 er 9. desember.
    På same søknadsskjemaet kan du også søkje om tilskot til skogkultur. Stryn kommune gjev i 2019 50% tilskot til planting og plantekjøp.
     
  • Frist for å søkje om tilskot til skogkultur i 2019 er 2. desember.
    For tilskot gjeld eit «førstemann-til-mølla-prinsipp», og søknader vert handsama fortløpande gjennom året, fram til fristen i desember. Det kan difor vere lurt å sende inn søknadsskjemaet så snart du kan.