Fylkesveg 698 Blakset - Robjørgane

For å fullføre sikringsarbeida ved det nye tunnelpåhogget på Blaksettunnelen godt nok, både for dei som jobbar på anlegget og trafikantane, tek ikkje anlegget ferie som planlagt, men vil jobbe også i veke 28 (8. t.o.m. 11. juli) og veke 30 (22. t.o.m. 25. juli).

I samband med bygginga av ny Blaksettunnel vert fylkesveg 698 stengd ved Robjørgane måndag til torsdag i desse tidsromma:

  • 09.00-12:00
  • 13.00-15:00
  • 17.30-21:00
     

    Vegen blir open for fri ferdsel frå torsdag kveld og fram til måndag.

    – Trafikantane må bu seg på at stengingar av dette omfanget vil vare utover hausten, også etter at tunneldrivinga startar i veke 31, seier prosjektleiar Øystein Tytingvåg.

Info frå vegvesen.no: Anleggsarbeidarane på Blakset legg inn ei ekstra økt i sommarferien