Gladnytt frå Vikane Omsorgssenter

Vikane Omsorgssenter har no fått mulegheit for at pårørande kan skype med familie og vener.

Omsorgssenteret har testa det ut i dag og det var veldig kjekt både for både bebuar og for pårørande. Det einaste dei pårørande treng er å laste ned programmet på pc/ nettbrett/ mobil eller bruke onlinefunksjonen til Skype. Ein må lage seg ein konto og så ringjer ein med video til oss.

Er dette av interesse for deg?
Ring til omsorgssenteret og avtal tid (helst mellom 10:00-15:00).